Hol kommune gir tilskott til utbedring av løypenettet

Hol kommune har gitt tilsagn om 57 600 kr i tilskott til Holsåsen Sti og Løypenemd for 2011. Midlane skal nyttast til grunnarbeid i løypenettet.

Det er gitt tilsagn om 40 000 kr på strekninga Steinstølen - Øvre Kløkk, her skal ein laga ny trase langs vegen, samt fløta vegen på deler av strekninga. Ein vil også legge om løypa der ein kryssar vegen. Her blir jobben gjort i samarbeid med styret for vegen og dei som bygger ut tomter i området.

Kommunen har også løyvd 17 600 kr til utbedring av det øvrige løypenettet. Løypenemnda ser for seg strekninga Steinstølen - Øystlivatnet som eit aktuelt området og bruke støtten på. Det blir også nødvendig med ein del dugnad for å koma i mål med desse prosjekta, men dato for dette kjem styret attende til seinare.

Under ser du nokre bilder frå dugnaden vi hadde i 2010


Ser bra ut dette ?


Matkvil må til