Vegen Søndrål - Varaldset

 

PROTKOLL FRÅ ÅRSMØTE I VEGEN SØNDROL – VARALDSETODDEN

 

Årsmøtet i vegen Søndrol – Varaldsetodden var 10. februar kl. 1930 på Helling kafeteria.


Desse møtte: Jarle Rueslåtten, Torstein Seim, Oddmund Mikkelsen, Arnfinn Mørk med fullmakt frå Asle Mørk, Rune Hallingstad, Leif Johnny Nestegard, Barbo Aasen Sletto og Knut Medhus.

 

SAKLISTE.

 

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

 

Vedtak: Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.

 

  1. Årsmelding 2008

 

Vedtak:Årsmeldinga vart samrøystes godkjent.

 

  1. Rekneskap 2008

 

Vedtak: Rekneskapen for 2008 vart samrøystes godkjent.

 

  1. Budsjett for 2008

 

Vedtak: Budsjettforslaget vart samrøystes godkjent.

 

  1. Arbeidsplan for 2008
    Styret legg fram slik årsplan for årsmøtet 2009:

 

1. Grøfting på strekningen Undehovda – Nyset
2. Innsidegrøfter parkeringsplass Melset til Storemyr
3. Grusing og salting etter behov.

Vedtak: Den framlagte arbeidsplanen vart samrøystes godkjent.

  1. Åting av stekningen Storemyr –  Varaldset.

    Forslag frå styret: Styret tilrår at ordninga med åting av vegen på strekningen Storemyr – Varaldset blir avvikla frå og med 2009. Dersom nokon av vegeigarane ynskjer å halde fram med åtinga, må det skje for eigen kostnad og på eige ansvar og den må ikkje setjast i gang før skisesongen er avslutta.

 

Vedtak: Forslaget vart samrøystes godkjent. Skriv frå Audun Medhus vart lest opp før saka kom til behandling.

 

  1. Eventuelle innkomne saker.

 

Det var ikkje kome inn nokon saker til årsmøtet.

 

  1. Val: Styreleiar er på val kvart år.

Oddmund Mikkelsen frå valnemnda styrde valet:

 

Knut Medhus vart samrøystes attvald til leiar for eitt år.

 

 

  1. Val av 2 styremedlemmer, varafolk

 

Torstein Seim vart attvald til styremedlem for to år. Rune Hallingstad nekta attval og Arnfinn Mørk foreslo Oddmund Mikkelsen som vart samrøystes valt.

Til varafolk vart samrøystes attvald Robert Søndrol og Vegard Sorteberg.

 

 

Møtet heva kl. 2045.

 

3576 HOL februar 08

 

 

Knut Medhus

referent

 

 

 

 

 

 

Til informasjon

Oppslag

Plan for løypekjøring vinteren 2025:

Mandag - torsdag:  Storerunden og Skogsrunden en til to ganger pr uke etter behov og værforbehold

Fredag - lørdag og søndag: alle løyper etter behov og værforbehold.